Foto: Sebbi Strauch fra Unsplash
Foto: Sebbi Strauch fra Unsplash

To råd til deg med kall som prest

18 gamaltruande teologistudentar har spurt biskopar i folkekyrkja om dei blir nekta ordinasjon og tilsetjing om dei held fast på det tradisjonelle synet på ekteskapet. Svaret er som venta lite avklarande.

Fyrst vert studentar inviterte inn i biskopen sitt program «Veien til vigslet tjeneste» før ordinasjonssamtale der biskopen har all makt. Før bispdeømerådet med all makt avgjer tilsetjinga.

Finst det noko i situasjonen som kan gje studentar med eit klassisk ekteskapssyn tru på at dei kan få leve og utfalde seg her som prestar?

Biskopane har samla stemt for at alle slag par har rett til ekteskap. Bispedømerådet som tilset prestar, har i kyrkjemøtet innført den ordninga.

Biskopane har annonsert at dei vil arrangere ei gudsteneste for å be dei skeive om orsaking for at det har funnast (og finst) leiarar i kyrkja som ikkje anerkjenner deira samliv og ekteskap. Kven kan i denne situasjonen tru at dei vil sleppe til nye generasjonar med reservasjonsrett mot slike par?

Om ein kandidat med det tradisjonelle ekteskapssynet slepp gjennom nålauget og får ei prestestilling, må han innfinne seg med ein arbeidssituasjon der han ikkje har støtte eller vern om si overtyding frå sine overordna.

Om han skulle finne på å forkynne det han trur på om ekteskap og samliv, korleis kan han bli ståande i den folke- og mediastormen han må vente seg?

Til studentar med kall til å gjere presteteneste, finst det to gode råd å formidle:

Råd nr 1 – Ikkje sats på presteutdanning som det einaste. Apostelen Paulus livnærte seg som teltmakar.

I ei samtid som har stadig fleire likskapstrekk med apostelen si, er det grunn til å rekne med at fulltidsbetalt kyrkjeleg teneste er unntaket.

Unge menneske gjer difor klokt i å rekne med ei karriere som kombinerer prest med bussjåfør, helsearbeidar eller anna. Det skal ikkje store politiske omveltinga til på Stortinget før dette blir den økonomiske realismen også for folkekyrkje-tilsette.

Råd nr 2 – Ikkje sats på Den norske kyrkja som den einaste. Stadig fleire har konkludert med at folkekyrkja har passert «point of no return» som påliteleg kristent fellesskap.

Der vert dører stengde for dei som held fast på den teologiske identiteten som for ein generasjon sidan var ålmen. Difor må einkvar ungdom med kall ta stilling til om her er ein stad å bli ståande med godt samvit.

Men det er ikkje berre lett å forlate den kyrkja der både eigne røter og slektsrøtene er feste. Mange treng ein god dose konverteringsterapi før dei vågar tanken på å melde overgang til ei anna kyrkje.

Stadig fleire har likevel gjort det. Det finst enno gamaltruande kyrkjesamfunn som tek imot.

 

Dele
Facebook
Twitter
Pinterest
LinkedIn
Andre skribenter
Relaterte saker
Foto: Rosanna Gaddoni fra Unsplash

Vi normaliserer den falne natur

Det pågår nå en debatt om hvorvidt såkalte «ikke-binære» personer bør kunne ordineres til prester i Den norske kirke. Det har vært flere interessante bidrag

Foto: Samuel Regan Asante fra Unsplash

Fråvær av logikk om kjønn

Jørn Kløvfjell Mjelva, doktorgradsstudent i filosofi, drøftar i VL 3. januar om det finst inndelingar av verda som er sannare og rettare enn andre, og