Svensk LHBT-profil med messe i frikirke

Foto: Sara Rampazzo fra Unsplash
Foto: Sara Rampazzo fra Unsplash

«Då eg gjekk forbi lokala for rundt eit år sidan, såg eg på oppslagstavla utanfor eit regnbogeflagg med teksten HER, ALLE ER VELKOMMEN! Så då gjekk eg inn. Og det var som å komme heim igjen.»

Det skreiv den svenske forfattaren, komikaren og artisten Jonas Gardell i ein post på Instagram søndag formiddag. Gardell er for mange i Noreg kjend for romantrilogien «Torka aldrig tårar utan handskar», som handlar om skeive i Stockholm på 1980-talet. Same dag skulle han gjennomføre si første messe Norrmalms kyrkje i Stockholm, saman med to av dei faste pastorane i kyrkja.

– Som å komme heim

Gardell er sjølv vaksen opp i den svenske baptistkyrkja. Han skriv på Instagram at han forlèt kyrkja som 16-åring.

«Lenge trudde eg at frikyrkjefolk var hyklerske som berre var ut etter å endre ein», skriv Gardell.

Lenge trudde eg at frikyrkjefolk var hyklerske som berre var ut etter å endre ein

—  Jonas Gardell

Han engasjerte seg seinare i livet mykje i teologi, blant anna med bøkene Om Gud (2003) og Om Jesus, og han fekk i 2007 eit æresdoktorat i teologi ved Lund Universitet.

Der forbøn har sin viktigaste funksjon

Tidlegare har han engasjerte seg i Allhelgonakyrkan på Södermalm i Stockholm, som soknar under Svenska kyrkan. Men no vender han altså tilbake til frikyrkja han vaks opp i, og som han skildrar slik:

«Heile rommet er eit muskelminne, som når vintersola steig rosa om morgonen utanfor kjøkenvindauget, eller isbilen sitt signal i det fjerne.»

Samanslått frikyrkje

Norrmalms kyrkje tilhøyrer Equmeniakyrkan, som er ei samanslåing av Svenska Baptistsamfundet, Metodistkyrkan og Svenska Missionskyrkan. Også Frelsesarmeen i Sverige er tatt opp i den nye frikyrkja, som vart etablert i 2011.

Gardell fortel at han oppsøkte skeive messer i forsøk på å finne ei kyrkje han kunne kjenne seg heime i. Det var først i samband med research til si siste bok, Ett lyckligare år, at han oppsøkte Norrmalms kyrkje på ny.

«Eg oppdaga at Norrmalms kyrkje sin pastor Joel Sörensson var den einaste i alle kristne kyrkjer i Sverige som tydeleg forsvarte homofile.», skriv Gardell

 

Vårt Land

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter