Styrer fotgjengere med likekjønnede lys

Nyheter
Foto: Branden Harvey fra Unsplash

Canberra er hovudstad i Australia og den byen i landet med flest likekjønna par. Difor skrudde trafikketaten i byen opp nye trafikklys rett før jul. Dei tradisjonelle raude og grøne piktogramma blei erstatta med homofile par og lesbiske par. Det skriver avisen Vårt Land 6. mars.

Bakgrunnen var at hovudstaden ville markerer at loven som gjev likekjønna rette til å gifte seg i Australia var eitt år.

I Austerrikes hovudstad kom dei likekjønna trafikklysa opp i 2015 i samband med at Wien var vertsskap for Eurovision Song Contest – eller det som nordmenn kjenner best som Melodi Grand Prix.

God respons

Responsen på dei kvinnelege og mannlege para som regulerte trafikken var så god at dei folkevalde gjekk for ei permanent løysing. Viseborgarmeister Maria Vassilakou trekte særleg fram turistane som gjorde byens nye trafikklys til særs populære fotoobjekt, melder byrådets heimeside.

– Trafikklysa er også eit kraftig signal om at likekjønna par er fullt ut aksepterte i Wien.

Sende signal

No vil København følgje i Canberras og Wiens lysspor.

Byens kultur- og fritidsborgarmeister, Franciska Rosenkilde frå det grøne partiet Alternativet, meiner det er viktig at storbyar sender signal om at ein vil romme ein variasjon av kjønnsinndelingar, ikkje berre dei tradisjonelle – symbolisert med tradisjonelle raud og grøne manne- og kvinnefigurar på trafikklysa.

– København er ein by med mangfald og me er frisinna, og det skal me våge å vise fram, seier Rosenkilde til Kristeligt Dagblad.

«Kjenne respekt»

Ho får støtte frå København-politikar Christopher Røhl Andersen. Han representerer partiet Radikale Venstre og meiner byen bør få LHBT-trafikklys:

– Det at fleire byar får lyssignal som ikkje berre er mann og kvinne, er ei spanande utvikling, og opplagt ein idé for København.

Røhl Andersen trur det vil føre til at alle kan kjenne seg respekterte og sjå rollemodellar i det offentlege rommet. I 2021 skal København arrangere World Pride.

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter