Nestformann i Frikirken ønsker den skal være en trygg kirke for alle

Foto: Hannah Rodrigo fra Unsplash
Foto: Hannah Rodrigo fra Unsplash

Når me blir ordinert har me sagt at me vil gå heilhjarta inn i skrifta og arbeide for å forstå kva som er meint. Viss me over tid rettleier folk til det me har kalla eit heilagt liv, og det ikkje er rett, så er det utruleg alvorleg.

– Det er eit alvor me som ordinerte må ta innover oss, fordi me rører ved noko av det djupaste ved eit menneske: sjølvbiletet og forholdet til Gud.

Anne Mari Schiager Topland sit på kontoret sitt i Oslo sentrum og prøvar å forklare kva den djupe uroa ho har kjent på i fleire år går ut på.

Ho er nestformann i synoden til Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja (Frikyrkja). Det at ho ynskjer å opne for ei teologisk drøfting av samlivssynet i kyrkjesamfunnet har vekt mykje merksemd og kritikk den siste tida. Debatten har gått friskt for seg mellom anna på nyhendenettstaden til Frikyrkja: Budbæreren.no og i Vårt Land sine spalter.

Det er Oslokyrkjelyden Kraftverket som har komme med eit forslag om å setje ned ei arbeidsgruppe som skal gjera ei teologisk utgreiing om Frikyrkja sitt syn på likekjønna samliv.

Dette forslaget skal ein stemme over i juni på kyrkja si synode, altså det øvste organet i Frikyrkja, der det sit representantar frå alle kyrkjelydane.

– Temaet fortener tid

Sjølv er nestformannen mest oppteken av å opne eit rom for undring og samtale.

– Me treng eit rom for dei lange samtalene der me ikkje blir trengt opp i eit hjørne. Der me lyttar til kvarandre, og ikkje minst der me går djupt inn i bibeltekstane. Det fortener denne tematikken, synest Schiager Topland.

Viss me over tid rettleier folk til det me har kalla eit heilagt liv, og det ikkje er rett, så er det utruleg alvorleg

—  Anne Mari Schiager Topland

Eigentleg har ho ikkje noko ynskje om at debatten skal skje i dagspressa, men ho ser at den alt har hamna der.

– Fleire har tatt kontakt med Vårt Land fordi dei kjenner seg tomme for alternativ. Kva plassar har ein eigentleg i Frikyrkja for å drøfte desse spørsmåla?

– Det er eit gyllent høve når dette kjem opp som synodesak i juni. Eg skjønar at det kan verke lenge til, men me har ein demokratisk kyrkjestruktur der slike ting tek tid.

Ei metasamtale

– Det kan verke som ein del i Frikyrkja er litt redde for debatten? Per no diskuterer de om de skal diskutere temaet?

– Ja, og det kan verke som ei metasamtale, men det er faktisk der me er no.

Nestformannen forklarar korleis ein eventuell vidare prosess truleg blir viss synoden går inn for Kraftverket sitt forslag:

  • Synoden ber synodestyret om å opprette ein breitt samansett komité.
  • I løpet av den toårige perioden fram til neste synode gjev komiteen innspel til det øvste teologiske organet i Frikyrkja: Synoderådet.
  • Synoderådet drøftar innspel og gjer vedtak som blir sendt til synoden.
  • Synodemøtet i 2024 går god for, eller forkastar, synoderådet sitt vedtak.

Kvar har kyrkja vore?

Gjennom fleire år har Schiager Topland hatt mange samtaler med menneske som er homofile, og ho ser at det for mange har hatt ein stor kostnad.

– Eg skulle ynskje at kyrkja, husfelleskapet og gudstenestene hjå oss i Frikyrkja var den tryggaste staden for dei å koma. For der kjem me alle med våre liv og står skulder til skulder og vedkjenner trua vår og syndene våre.

Ho legg vekt på kyrkjelyden som eit fellesskap der ein ber kvarandre sine bører. Men kvar har eigentleg kyrkja vore når byrda har vore tung å bera for dei med ein annan seksuell identitet enn heterofil, spør nestformannen seg.

– Nokon tenkjer at dette berre handlar om ein skal endre syn eller ikkje. Men det handlar også om å vera medmenneske når ein har ulikt syn.

Har ho skifta standpunkt?

Mange lurar nok på om Schiager Topland har «snudd», og ynskjer å tillate likekjønna vigsel i Frikyrkja. Nestformannen ynskjer ikkje å gå inn i ein teologisk debatt før synoden stemmer over saka til Kraftverket.

For hennar eigen del har ho kjent på ein uro kring Frikyrkja sin teologi på samlivsspørsmål i mange år, og om den er fullstendig nok. Og dette meiner ho at ho har vore open om overfor synodeleiing, tilsynsapparat og ved ordinasjonssamtala.

– Når eg som leiar stiller spørsmål ved om vår lære på feltet rommar alt, og viser at eg er usikker på det, så er det klart at det kan gjera nokon i kyrkja vår usikre. Kvar er det no ho står? Har ho skifta standpunkt? Men for andre kan eg ha lukkast i det eg ynskjer: nemleg å skape eit rom for å vera usikker, og eit rom for drøfting.

Schiager Topland ynskjer å vera klar på at det ho no tek til orde for er å opne eit undringsrom, ikkje eit handlingsrom.

– Vår kyrkje si lære står fast. Den står fast til eit synoderåd og eit synodemøte eventuelt endrar ho. Me er ei grasrotkyrkje der eg og Jarle (Skullerud, red.anm.) i synodeleiinga ikkje kan overstyre nokon prosessar. Men me er sette til å leie kyrkja vår mellom synodemøta. Og når denne saka skal opp til drøfting i juni, synest eg det er heilt naturleg at me også seier våre synspunkt på saka.

Å ta Paulus på alvor

Ein av tankane pastoren balar mest med er om ein har ein fullstendig nok teologi rundt likekjønna forhold. Det har lenge plaga ho at ein opp gjennom har sett likskapsteikn mellom utruskap, hyppige partnarskifte og lange, trufaste kjærleiksrelasjonar mellom to av same kjønn.

– Eg står heilt inne for vårt ekteskapssyn. Altså ekteskapet som Guds gode ordning for samlivet mellom ein mann og ei kvinne og for oppvekst for barn. Men eg tenkjer: er det heile svaret?

Nestformannen prøvar å forklare nærmare. Ho ynskjer ikkje å vatne ut denne forståinga. Ho har eit klassisk bibelsyn, og ynskjer å ta orda til Paulus på alvor.

– Men kva betyr det å ta han på alvor? Det handlar også om å forstå han ut ifrå hans tid. Og Paulus er veldig tydeleg: Han skriv at det er mot Guds vilje når to av same kjønn er saman. Men eg treng at me stiller fleire spørsmål.

Ho dreg fram andre døme frå Paulus som ho meiner ein opp gjennom tida har stilt spørsmål ved meininga bak: Blir kvinner frelst ved barnefødslar (1. Tim 2:15)? Bør kvinner dekkje til hovudet sitt når dei ber for å vise Gud respekt (1. Kor 11:5)?

– Vil tene kyrkja å bli trygg

Ho skulle gjerne ha spurt apostelen om kva han eigentleg meiner med det han seier om desse sakene, på same måte som ho skulle spurt om kva han meiner i versa der han skriv om «menn som ligg med menn».

– Eg blir utolmodig i møte med Paulus: Kva siktar du til når det gjeld forhold mellom to av same kjønn? Er det dette som me opplever og erfarer blant oss? Med menneske som har lyst å leve heilt vanlege liv, og som frå tidleg alder merkar at dei ikkje blir drege mot det motsette kjønn i det heile? Dei som også prøvar å vende seg mot Jesus og leve eit liv i tru? Har du, Paulus opplevd dette? Var det ein del av di røynd? Eller er likekjønna samliv for deg eit tekn på heidenskap?

Schiager Topland har mange spørsmål, men få svar.

– Me har ikkje Paulus her. Men me har ei tid der me må gå inn i desse spørsmåla.

Pastoren håpar at uansett utfall av ei eventuell teologisk utgreiing vil kyrkjesamfunnet ho er så glad i ende opp på ein betre stad.

– Det vil tene kyrkja vår at me er trygge i dette spørsmålet. Og viss nokon er utrygge meiner eg at det beste er å gå inn i tekstane saman. Det trur eg vil vera med å dempe uro.

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter