Fuller Seminary i USA bekrefter konservativt veivalg

Foto: Artem Beliaikin fra Unsplash
Foto: Artem Beliaikin fra Unsplash

Kan personar i likekjønna forhold studera eller jobba ved den amerikanske lærestaden Fuller Seminary? I fleire år har dette vore debattert ved den evangelikale lærestaden.

No har styret i Fuller Seminary vedteke å halda fast på eit tradisjonelt syn om at sex høyrer heime i ekteskapet, som ei pakt mellom mann og kvinne.

Det melder Christianity Today.

– Fuller Seminary har tradisjonelt halde seg unna ideologiske ytterpunkt. Me held fram med å søka ein annan veg – ein «Fuller veg» – som er eit viktig bidrag til kyrkja og til verda, skreiv Fullers president David Goatley i ein e-post, gitt att av Christianity Today.

Arbeidsgruppe opna for liberalisering

Vedtaket kjem etter at ei akademisk arbeidsgruppe har vurdert endringar som kunne ha opna for likekjønna forhold, både for studentar og tilsette.

Fuller Seminary vart grunnlagt i 1947 av radioevangelisten Charles E. Fuller.

Skulen er mellom dei mest toneangivande evangelikale seminara i verda. Rundt 1.600 studerer ved Fuller, som har hovudsete i California.

 

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter

Foto: Kato Blackmore fra Unsplash

Da moren ble en surrogat

VG forteller historien om da to menn blir pappaer og komplikasjonene de opplevde ved fødselen. Moren, hun omtales slik: Paret hadde gledet seg lenge til