Foto: Samuel Regan Asante fra Unsplash
Foto: Samuel Regan Asante fra Unsplash

Fråvær av logikk om kjønn

Jørn Kløvfjell Mjelva, doktorgradsstudent i filosofi, drøftar i VL 3. januar om det finst inndelingar av verda som er sannare og rettare enn andre, og som me såleis bør gå inn for. Han gjev oss ikkje svar på dette. I staden trekk han fram mi nye bok Kjønnstru: Kampen om røynda som døme på manglande filosofisk forståing av kjønnsfeltet.
Ein logisk umoglegskap
Boka mi føregjev ikkje, i motsetning til kva Mjelva hevdar, å avgjera kva verda «eigentleg» består av, sjølv om ho drøftar endra kjønnsforståing (også) som filosofiske problemstillingar. Ho er ikkje «en [metafysisk] antagelse om at det finnes en unik, «riktig» måte å stykke opp verden i ulike kjønn på».
Formallogikken kan hjelpa her. Denne hoppar Mjelva over. Frå Aristoteles og frametter viser logikken at ein kategori ikkje både kan vera og ikkje vera det kategorien er. Mann kan såleis ikkje vera kvinne, dersom kategoriane skal ha eit meiningsinnhald. Dette enkle prinsippet (motseiingsprinsippet) ligg til grunn for språk og kommunikasjon, og er viktig i juss og andre fag, bortsett frå når temaet er kjønn.
Kjønn er i norsk lovverk nå ei erklæring, med reelt og førestilt innhald på same tid, ein logisk umoglegskap som underkjenner at kvinner verda over blir utnytta og undertrykte fordi dei er kvinner, ikkje fordi dei identifiserer seg som det. «Kjønnsidentitet» blir forklart med sirkeldefinisjon, eller basert på kjønnsstereotypar. Påstanden om at kjønnsroller og -stereotypar er meir grunnleggande enn kjønn, har vore framstilt som grasrotkrav, men er initiert og understøtta av pengesterke aktørar (som Jon Stryker og Arcus Foundation, Pritzker-familien, George Soros).
Kjønn er i norsk lovverk nå ei erklæring, med reelt og førestilt innhald på same tid.
Filosofane bør bidra meir
Trua på at kjønn er ein indre og sjeleleg storleik meir enn ein kroppsleg storleik, er lovfesta som sanning, og blir innlært i skolen. Trua er sjølvmotseiande, irrasjonell og undertrykkande. Ho gjev menn eit diskrimineringsvern som «kvinner», som kvinner sjølve ikkje har. Ho tvingar politiet til å påstå at ei kvinne er sikta for å ha drepe ein mann, når saka nok ein gong er at ein mann er sikta for å ha drepe ei kvinne. Ho lar menn få tilgang til alle kvinners rom, og kvinners behov og rettar blir igjen underordna menns. Det er reaksjonært og illegitimt.
Korleis kan sjølverklæring om kjønn vera premiss, utan at konklusjonen blir at alle andre menneskelege kategoriseringar også må vera sjølverklærte og lausrivne frå fakta? Filosofane burde bidra med logisk stringent tenking på dette området. Å visa til enzym og protein for å forklara at menn er kvinner viss dei seier så, er kategorimistak. Kjønn er ikkje ei kjensle eller erklæring, men det finst kjensler og erklæringar om kjønn. Desse kan ikkje undergrava fakta, evidens og kvinners rettar.
Dele
Facebook
Twitter
Pinterest
LinkedIn
Andre skribenter
Relaterte saker
Foto: Rosanna Gaddoni fra Unsplash

Vi normaliserer den falne natur

Det pågår nå en debatt om hvorvidt såkalte «ikke-binære» personer bør kunne ordineres til prester i Den norske kirke. Det har vært flere interessante bidrag

Foto: Samuel Regan Asante fra Unsplash

Fråvær av logikk om kjønn

Jørn Kløvfjell Mjelva, doktorgradsstudent i filosofi, drøftar i VL 3. januar om det finst inndelingar av verda som er sannare og rettare enn andre, og