Finsk folkekyrkje innfører ikkje vigsel av likekjønna par

Det mangla femten røyster på to tredels fleirtal i kyrkjemøtet, som var nødvendig for å innføre den nye ordninga, melder Premier Christian News. Kyrkjemøtet fann stad tidlegare i mai.

Dagen skriv at forslaget frå bispekonferansen tok sikte på å ha to parallelle forståingar av ekteskap: ein som er mellom éi kvinne og éin mann, den andre mellom to personar. Prestar skulle ha høve til å ikkje førestå slike seremoniar.

Ventar nye rundar

To av tre prestar i Den lutherske kyrkja i Finland er opne for å vigsle likekjønna par, ifølgje Kyrkans Tidning.

Erkebiskop Tapio Luoma støtta forslaget og ventar at det vil kome tilbake til kyrkjemøtet.

– Dersom kyrkja ikkje tek endringar i verda alvorleg, vil ho til slutt ikkje vere i stand til å forandre verda sjølv, seier han ifølgje Premier Christian News.

Sjølv om den nye ordninga ikkje er innført, føregår det allereie vigsler av likekjønna par utan at biskopane grip inn, melder Kyrkans Tidning.

Åtvarar mot underminering

Eino Nissinen tilhøyrde mindretalet i komiteen som hadde førebudd forslaget. Han meinte at det ikkje sprang ut av Bibelen og den lutherske vedkjenninga, men oppfatningar i samfunnet. Nissinen meinte også at det underminerte Jesu autoritet.

– Det reduserer Den allmektige, Den evige Gud over tid og stad, til ei avgrensa forståing av menneskeslekta, sa han ifølgje Evangelical Focus.

Kritisk til framstilling

Den kristne politikaren Päivi Räsänen meiner den offentlege framstillinga frå kyrkja er feil når det heiter at ein ikkje fann ei løysing på forskjellige syn på ekteskapet.

– Jau, ei løysing vart funnen, når alt kjem til alt. Ekteskapet er mellom ein mann og ei kvinne, skriv Räsänen på Twitter/X.

Räsänen er gift med ein prest og har fått mykje mediemerksemd, også i kristne medium i Noreg, fordi ho er blitt straffeforfølgd for utsegner om homofili. Ho er frifunnen i to rettsinstansar, men ventar no på handsaming i høgsterett.

Ekteskapslova i Finland vart gjort kjønnsnøytral i 2017, noko som skjedde i Noreg i 2008. Den norske kyrkja opna for vigsel av likekjønna par i 2016 og innførte liturgi som romma dette året etter. Også folkekyrkjene i Sverige og Danmark har gjort tilsvarande endringar.

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter