Det blir yrkesforbud i Den norske kirke for motstandere av kvinnelige prester

Foto: Janna Scott fra Unsplash
Foto: Janna Scott fra Unsplash

Samarbeid med kvinnelege prestar er no ein føresetnad for å bli tilsett som prest i Den norske kyrkja. Det melder Vårt Land og Dagen.

Bakgrunnen er ei fråsegn frå preses Olav Fykse Tveit som seier at biskopane «no kjem til å spørje alle nye prestar om dei vil samarbeide med kvinnelege prestar».

Berre om svaret er ja, kan vedkommande bli tilsett i kyrkja.

– Vi støttar at dette blir teke opp som tema ved ordinasjon og i intervjuet ved alle tilsetjingar, seier Martin Enstad, som er leiar i Presteforeningen (heile svaret i faktaboks).

Spørsmålet om «sameksistens» og kvinneleg prestar har i sommar kretsa rundt den såkalla Johanneskretsen, som har etterlyst samvitsfridom for deira teologiske overtyding om at berre menn kan vere prestar.

På spørsmål om det framleis er plass til deira overtyding i kyrkja, er svaret frå preses:

– Det er ikkje plass til dei om dei krev å kunne reservere seg mot samarbeid.

Slik argumenterer dei for og imot kvinnelege prestar

Dreier seg om 20-30 prestar

Prestar som allereie er tilsette i kyrkja, men som av ulike grunnar motset seg å samarbeide med kvinnelege kollegaer, vil ikkje omfattast av det nye «forbodet».

Av rundt 1200 aktive prestar i Den norske kyrkja, er det maksimalt 20–30 prestar som har det same teologiske grunnsynet som Johanneskretsen.

Fykse Tveit legg til at desse bør vurdere om dei har ein framtid i kyrkja.

Advokat Jan-Erik Sverre har tidlegare uttalt at Den norske kyrkja har lova på si side dersom ho seier farvel til prestar som reserverer seg mot kvinner.

Seier nei til kvinneprestar – får likevel halde fram som sokneprest

Den nye innskjerpinga kjem etter Bispemøtets uttale frå 2020 om at det ikkje lenger skal vere mogleg å reservere seg mot å samarbeide mot kvinnelege prestar, slik dei omstridde «køyrereglane» opna for.

Køyrereglane la mellom anna opp til «kreativ vaktlisteføring» slik at det ikkje kom til konfrontasjonar eller demonstrative fråvær ved alterringen og andre stadar.

Praktiseringa av 2020-reglane har likevel bode på problem, og i ein «presisering» frå 2021 vart tonen mot dei som boikottar kvinnelege prestar ytterlegare skjerpa.

– Dette kjem seint, men godt

– Om det er arbeidsmiljøproblem fordi ein mannleg prest nektar å samarbeide med ein kvinneleg prest, så skal biskopen følgje opp dette som ein personalsak, sa Fykse Tveit i oktober i fjor.

Enkelte ønskte seg likevel endå sterkare lut.

– Prinsipielt bør det ikkje vere prestar i DNK som ikkje samarbeider med kvinner, og dette burde vere noko alle biskopar som arbeidsgjevarar forpliktar seg til å spørje om i intervju, sa prest Gyrid Gunnes.

Med uttalen frå preses denne veka er ho bønnhøyrd.

– Eg er veldig glad. Dette kjem seint, men godt, seier Gunnes i dag.

– Ei innvending er at det no vert lågare under taket i kyrkja?

– Berre om du definerer takhøgd som retten til å diskriminere.

Assisterande generalsekretær i Norske Kirkeakademier, Guri Riksaasen, peikar på dei same «bygningsforskriftene»:

– Det er heilt naturleg at eit trussamfunn, eller eit trusfellesskap, har nokon ytre grenser for kva som fell innanfor og kva som fell utanfor fellesskapet. Vi kan ikkje innanfor eitt og same trusfellesskap dekkje ulike nattverdsbord som inkluderer og ekskluderer alt etter samvitet til den enkelte.

NRK
Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter