I april kunngjorde Medvit forlag at dei ikkje ville gi ut boka «Kjerringer mot strømmen» likevel. I utgangspunktet skulle ho lanserast 24. mai på Litteraturhuset i Oslo.
Grunnen skal vere medforfattar Kari Jaquesson sine uttalar om Holocaust på Facebook som skapte ein heit debatt både i media og på Facebook i mars.
Boka om at det berre finst to kjønn blei brått trekt tilbake 7. april.
– Som følge av hendelsene den siste uken har vi besluttet å stanse utgivelsen av boka, skreiv medforfattar Marianne Brattgjerd på Facebook.
Men no kjem boka altså ut likevel.
Skapte debatt
Ni kvinner, blant andre Kari Jaquesson, Marit Bruset, Marianne Brattgjerd og redaktør Anne Kalvig i forlaget Medvit er forfattarane bak boka som har som mål å utfordre kjønnsforståinga i dagens samfunn. Kort fortalt slår dei fast at det berre finst to kjønn.
Anne Kalvig svarer slik til Dagen hvorfor de nå har bestemt seg for å gi ut boka, til tross for protestene:
– Som redaktør og forleggjar har eg landa på at vi som forfattarar ikkje svarer for kvarandre, men at vi står saman om det vi skriv om i denne boka, nemleg kjønn.
– Kunnskapsutvikling kan best skje i samfunnet når me fortsett å ha dialog, ikkje når me brenn bruer og bøker.
Samlivsrevolusjonen vil komme med anmeldelse av boka.