Biskopen i Bjørgvin vil feira Pride

Ragnhild Jepsen vil inkludere ulike syn i kyrkja, men er tydeleg på sitt standpunkt og sier til avisa Vårt Land:

Eg meiner betydninga av at kyrkja viser denne solidariteten er så stor at no må det vere mitt største fokus.

Det er farleg når ein kristeleggjer å stengje menneske ute frå fellesskap i samfunnet. Det meiner eg er direkte feil og det motsette av å følgje Jesus Kristus.

Deltakinga mi er ein djup solidaritet med menneske som har ein LHBT-identitet, også i vår kyrkje. Det er viktig.

Ho peikar på fleire grunnar til at ho deltek i Pride-paraden.

– Det er fordi eg vil vere med å synleggjere at ein ikkje kan ekskludere nokon frå Guds kjærleik.

Og så er det også ei solidaritetshandling som går utover det. Det er stemmer i offentlegheita som viser aktiv motstand og hatytringar med folk som har LHBT+-identitet.

På spørsmål frå Vårt Land om ho trur Jesus ville likt pride, svarer ho:

 Eg trur at me følgjer i Jesu fotspor når me kjempar for likeverdet og for respekten mellom oss og synleggjer medmenneskelegdom og respekt for kvarandre,

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter