Rapport om transpersoners situasjon i Den norske kirke er klar

Kirkebygg
Foto Akira Hojo fra Unsplash

– Eg trur det er veldig vanlig i ein kyrkjelyd i DNK å tru at kyrkja er open for alle. Utgangspunktet for transpersonar er at ikkje alle er velkomne i kyrkja, seier Vibeke Bergsjø Aas og legg til at der er noko kyrkja og kyrkjelydane må ta inn over seg.

Bergsjø Aas er prostiprest i Nordre Follo og snakkar til ein fullsett sal på Kirkens hus i Oslo. I fjor fekk ho Olavsstipendet for å forske på  kva «trygge rom» har å seie for transpersonar i kyrkja. No er rapporten klar og funna vert presentert som del av Olavsstipendsseminaret.  Det skriver avisen Vårt Land.

Vårt Land skriver at Bergsjø Aas har arbeidet i ni måneder  med prosjeket «Trans synlig og usynlig», der ho har gjennomført kvalitative intervju med sju personar i alderen 30-80 år, der alle har ein tilknytning til Den norske kyrkja.

Alle kallar seg kristne og oppgjev at dei har ei form for transidentitet. Personane er anonymiserte i rapporten og dei har fått fiktive namn.

Rapporten har tatt utgangspunkt i to spørsmål:

1) Kva inneber og betyr «trygge rom» for transpersonar i kyrkja?

2) Korleis kan kyrkja og kyrkjelydene skape trygge rom for transpersonar?

– Det har vore viktig for meg at det er deira historie som skal fram, sa Bergsjø Aas då ho introduserte funna frå rapporten.

Ulike opplevingar

Respondentane har hatt ulike opplevingar med kyrkja. Nokre har opplevd å bli avvist på grunn av identiteten sin, andre opplevde aksept.

Ho har gjort to hovedfunn: Det første er at kyrkja i utgangspunktet er eit utrygt rom. Det meiner forskaren at kyrkja må ta inn over seg.

«Utgangspunktet for transpersoner er ikke at alle er velkomne i kirken», skriv Bergsjø Aas.

Så kva er eit utrygt rom? Forskaren viser til at det finst ulike grader av utryggleik. Det eine ytterpunktet er fare for vald og overgrep, som transpersonar er meir utsett for enn befolkninga ellers, skriv Bergsjø Aas.

Men utryggleik kan også handle om mobbing, frykt for å bli avvist eller utryggleik i møte med andre, påpeiker ho. Eit rom der det er fare for å bli emosjonelt og psykisk skadet eller såra, er nødvendigvis eit utrygt rom, ifølge rapporten.

«Et utrygt rom kan være et rom hvor folk ikke aksepterer kjønnet ditt og navnet ditt, hvor du utsettes for feilkjønning (…), hvor folk stiller spørsmålstegn ved om du er den du sier at du er, hvor de overser deg, eller de ser på deg med et nedlatende, foraktfullt eller tomt blikk, eller hvor ingen smiler til deg eller snakker til deg på kirkekaffen», skriv ho.

– Det trygge rommet er der ein ikkje treng å vere redd. For det første snakkar nokre av respondentane om vald, dette er ei reell frykt for transpersonar, som er meir utsett for vald enn befolkninga elles. Trygge rom er også der ein vert akseptert, det seier dei eg har snakka med. Det er eit rom der ein veit at ein er velkommen og slepp å vere ein «snakkis» eller ei sak, seier Bergsjø Aas til Vårt Land.

I rapporten skriv ho at Den norske kirke har valgt en forsiktig tilnærming til temaet trans. Flere av intervjuobjekta gjev ros til preses Olav Fykse Tveits uttalelser i samband med «felleskristen erklæring», der fleire kyrkjer slutta seg opp om at det berre finst to kjønn. Fykse Tveit kritiserte dei som signerte.

Tydelegheit

Det andre hovudfunnet er at tydelegheit er ein føresetnad for tryggleik.

«Kirken, menigheten og enkeltpersoner kan skape små og store trygge rom ved å være tydelige. Den enkleste måten å være tydelig på er ved å bruke et regnbuesymbol», skriv Bergsjø Aas.

Bruken av regnbogesymbol vert også fremheva av eitt av intervjuobjekta i rapporten. «Jonas ordlegg seg slik:

«Eller du kan bare ha på deg et regnbuearmbånd, for det hjelper masse. For så fort man ser det, så tenker man sånn: ok, men da er du en trygg person (…) For da vet jeg at du godtar meg. Og alle de som jobber i kirka, de burde virkelig hatt det. Så fremt de tror på det selv da, selvfølgelig.»

I konklusjonen skriv Bergsjø Aas at ein trygg kyrkjelyd for transpersonar vert kjenneteikna av følgjande:

  • Inkluderande oppførsel
  • Positive haldninger
  • Ein tydeleg profil utad, med f.eks. regnbogesymbol

Regnbogesymbol er omstridd blant mange kristne, også i kyrkja.

– Korleis meiner du ein kan sikre retten til å meine at det finst to kjønn og samstundes sikre trygge rom for transpersonar og skeive.

– Eg trur at dialog er svaret på det. Dialogrommet er veldig annleis enn debattrommet. Eg trur ikkje debatten om dette tek oss noko vidare. Me må orke å lytte til dei me ikkje er einige med. Det eg tenkjer at er viktig er at også dei som synest at trans er vanskeleg opplever at det er trygge rom for dei. Eg opplever at kyrkja har gode tradisjonar for å jobbe med dialog og at det skal vere for ulike menneske og meiningar. Me har forskjellig syn på ein del ting i DNK, men me har ikkje to syn på korleis me møter menneske – og det trur eg det er stor semje om.

Kritisk til å snakke om to kjønn

I rapporten tydeleggjer ho sitt eige innsteg til forskninga. Ho er prest og har eit barn som er trans.

– Korleis trur du det har påverka din inngang i dette arbeidet?

– Eg trur det har vore heilt avgjerande, noko eg også reflekterer rundt i den rapporten. Det har nok vore med på å skape eit trygt rom for intervjuet. Dei har ikkje trengt å lure på om eg er for eller mot trans, det er avklart. Eg har gått inn i dette som ein alliert, seier ho.

Det ho sjølv har lært mest av forskninga, er at ho trur det er veldig uheldig å seie at det berre finst to kjønn.

– Unge kan ha vanskeleg for å forstå skilnaden mellom kjønnsidentitet og kjønnsroller. Om du er guttejente betyr det ikkje at du er trans, for eksempel. I det samfunnet me har no, der kjønnsrollene blant unge er veldig definerte, trur eg det er endå viktigare å halde det rommet ope, slik at unge sjølve kan utforske kven dei er.

– Kva forventer du av kyrkjeleiinga framover?

– No har Bispemøtet starta, og eg veit at dette også er ei sak der. Eg har tillit til at kyrkja ønskjer denne rapporten velkommen. Erfaringane som kjem fram er ikkje ein fasit for korleis det er å vere trans i kyrkja, men gir ein peikepinn. Eg opplever at kyrkja har vore framoverlent og opptrådd veldig tydeleg.

 

Her kan dere lese rapporten:

https://l.facebook.com/l.php?u=https%3A%2F%2Fwww.kirken.no%2Fglobalassets%2Fkirken.no%2Faktuelt%2Ffiler%25202025%2Fsynlig%2520og%2520usynlig%2520-%2520vibeke%2520bergsj%C3%B8%2520aas%2520-%2520rapport%2520olavstipend.pdf%3Ffbclid%3DIwZXh0bgNhZW0CMTAAYnJpZBExVFFVcUFlMlNWdFk0TXVwRAEe0A2gMlwcpgBVxbr5wZ7WQjOghxPngC5k34I7kM1W9kzXGDUtinutvN40Olw_aem_dvoNNrfsTOi_HBjXsPmYoA&h=AT0bwJ4K4JaYo9uOQ3pSqXDmtuJ5qi44wpZ3rcfmxmVFa-tUwsuEz_Iq-Vk_jpYQ5o8NglizReQYPInvtyw46tktTIKSJpr4MGmFY2NXL9NdszUqP-8wSkbNrkis5EwybG7nz5OBIthqeI6e&__tn__=R]-R&c[0]=AT2Mi7krUP_k6mMD6slePJgnHZHQLdJSRHFWlqNeOOVxjTyRfZq9slKh7OjvVcyA3SlxkpadBIjLA7slhLUMHnvwpZpfrhKhlsQ7be1CYbpeoCHEDFpyn2wrrCam7ulB0eI0Fhj0jILp9MhOeo9ejniEL3a6WfQmRZR9P0n6SoIXV0HmWtutV1j320kbiwi-DjQAmjwqy0BGXwpMx09QpV8

 

 

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter