Foto: Verne Ho fra Unsplash
Foto: Verne Ho fra Unsplash

«Med fare for uboteleg skade»

I Norge har det dei siste ti åra vore ein alarmerande auke i talet på barn og unge med kjønnsinkongruens (med 10–20 personar under 18 år, til ca. 200 pr.år).

Denne nye gruppa har nokre særlege kjenneteikn;

– sterk overrepresentasjon (2 av 3) av jenter i tidleg pubertet

– plutseleg debut av kjønnsdysfori utan tidlegare forhistorie med spørsmål om kjønn

– svært høg forekomst (75- 88 %) av alvorleg psykisk tilleggsproblematikk (særleg autismespekterproblematikk, angst, depresjon, traumeproblematikk, sjølskading og eteforstyrring).

Denne populasjonen manglar vi forskingsbasert kunnskap om – både om årsaksforhold m.o.t. auken i forekomst, den skeive kjønnsfordelinga og ikkje minst dei langsiktige konsekvensane av medisinsk behandling som stadig fleire unge gjennomgår i form av irreversibel hormonbehandling og kirurgi.

Kjønnskorrigerande behandling

Etter lovverket vårt i dag kan unge frå 16 årsalder starte på medisinsk transisjon (behandling) med pubertetsblokkerar der puberteten vert «sett på vent» ut frå argumentet om å gi tenkepause. Neste trinnet er tilførsel av kjønnskontrære hormon med sterke verknadar på kroppen, både forbigåande og vedvarande.

Etter 18 årsalderen kan behandlinga sluttførast med kirurgi; inneber fjerning av bryst og/eller underlivskirurgi. I gruppa tenåringsjenter er det variabelt kor mange som gjennomgår full transisjon, men forskinga viser at 100 % av dei som startar på hormonbehandling med pubertetsblokkerar, går vidare med behandling med testosteron. Forskinga viser også at over 80 % av dei som gjennomlever puberteten, finn seg til rette i sitt fødselskjønn.

Norges nye faglege retningslinje for behandling av kjønnsinkongruens innført i juni 2020

Rapporten «Rett til Rett Kjønn» frå 2015 som vart utarbeidd av ei gruppe oppnemnt av H.dir. med skeiv representasjon av aktivistar, dannar grunnlaget for den nye faglege retningslinja som Høie og H.dir. innførte i 2020. Det skjedde sjølv om retn.linja splittar både pasientgruppa og helsefaglege myndigheiter. Folkehelseinstituttet (FHI) som er fagleg rådgivingsorgan for helseforvaltninga, kom med uvanleg krass kritikk i sin høyringsutsegn; det vart m.a. vist til at retningslinja manglar tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag og er ideologisk fundert.

Også Legeforeninga og Forening for Barne- og ungdomspsykiatri uttalte seg svært kritisk i sine høyringssvar. Det same gjorde pasientforeininga Harry Benjamin Ressurssenter som fryktar auka risiko for feilbehandling. Ut frå nye retningslinja er ansvaret for behandling av kjønnsinkongruens flytta frå nasjonal spesialistteneste ved Rikshospitalet til regionale sentra og kommunehelsetenesta. Det er ikkje lenger krav om psykiatrisk utgreiing før behandling igangsettast. Dvs. at unge med alvorleg psykisk tilleggsproblematikk, kan settast på hormonbehandling utan at det vert gjennomført psykiatrisk utgreiing/vurdering før hormonbehandling settast i gang.

Auka risiko for feilbehandling med irreversible fysiske og psykiske konsekvensar

Forkjemparane for kjønnsbekreftande behandling, leia av organisasjonar tilknytt LHBTQ bevegelsen, framstiller behandlinga som ukontroversiell og underrapporterer dei alvorlege helsemessige risikoane. Desse vert dessverre lytta til, og den bekreftande (affirmative) behandlingsmodellen har på kort tid blitt den rådande tilnærminga i behandlingsapparatet.

Internasjonalt reiser det seg stadig fleire kritiske røyster mot denne behandlingsmodellen blant forskarar, behandlarar, pårørande og unge «angrarar». I Sverige og Storbritannia foregår heftig debatt om kjønnsbekreftande behandling. Nyleg vart det kjent at Karolinska sjukehus stoppar all bruk av pubertetsblokkerar og kjønnskontrære hormon for unge under 18 år. (No er vedtaket etterfølgd av to andre sjukehus.)

Karolinska grunngir praksisendringa m.a. med at behandlingane som er gitt til mindreårige kan potensielt gi omfattande irreversible uønska konsekvensar; hjarte/karsjukdomar, benskjørhet, infertilitet, kreftrisiko og trombosesjukdom med risiko for blodpropp. I den viktige Bell-dommen i UK der Keira Bell vann søksmålet mot behandlingsinstitusjonen Tavistock, er kjønnskorrigerande behandling vurdert som eksperimentell behandling. Slik behandling vil i UK først kunne igangsettast etter domstolsvedtak for barn under 16 år.

Homoterapi = konverteringsterapi?

Her i landet reisast igjen debatten om å forby «homoterapi»; eit omgrep som er så lausleg definert at det også omtalast som konverteringsterapi.

Ein bør vere klar over at eit slikt upresist definert forbod, vil resultere i at kjønnsbekreftande behandling med hormonar og kirurgi, vil vere den einaste lovlege tilnærminga overfor einkvar person som uttrykker å oppleve seg i motsett kjønn, uansett alder og uansett psykiske tilleggsproblem. Dessutan vil det innebere alvorleg inngripen og styring av helsepersonell sine fagetiske vurderingar og praksis, slik at «watchful waiting» ikkje lenger kan praktiserast overfor prepubertale barn. Det verkeleg paradoksale i situasjonen er at den kjønnsbekreftande behandlinga, er den som faktisk kvalifiserer for uttrykket «konverteringsterapi». For det finst ikkje noko meir radikalt enn å forsøke konvertere barnet sitt biologiske kjønn gjennom medisinsk behandling.

Stor auke av «angrarar»

Den rådande politikken til transaktivistane er å fremme barn sin rett til å skifte kjønn definert som ein menneskerettigheit. Påstanden er at barnet sjølv veit best kva kjønn det er, og behandlingsapparatet si oppgåve er å bekrefte og støtte barnet sin sjøldefinering og bistå i prosessen framimot at barnet «får vere seg sjølv».

At stadig fleire unge står fram og angrar på den kjønnsbekreftande behandlinga, vert underslått/bagatellisert. At det å bli spart for å gjennomgå feilbehandling med livslange/irreversible konsekvensar, også er ein menneskerettigheit, blir ikkje omtala då denne ikkje passar inn i narrativet (fortellinga) om transrettigheiter.

Mi vurdering er at vaksenverda sviktar sitt ansvar når vi let sårbare umodne tenåringar gjennomgå kjønnskorrigerande behandling med risiko for uboteleg skade, utan forutgåande grundig tverrfagleg/psykiatrisk utgreiing.

Eitt viktig spørsmål som meldar seg er; kven tar ansvaret for ugjenkallelege feilbehandlingar når dei første søksmåla også dukkar opp her til lands?

 

Marit Johanne Brustad

Dele
Facebook
Twitter
Pinterest
LinkedIn
Andre skribenter
Relaterte saker
Foto: Rosanna Gaddoni fra Unsplash

Vi normaliserer den falne natur

Det pågår nå en debatt om hvorvidt såkalte «ikke-binære» personer bør kunne ordineres til prester i Den norske kirke. Det har vært flere interessante bidrag

Foto: Samuel Regan Asante fra Unsplash

Fråvær av logikk om kjønn

Jørn Kløvfjell Mjelva, doktorgradsstudent i filosofi, drøftar i VL 3. januar om det finst inndelingar av verda som er sannare og rettare enn andre, og