Foto: Jeremy Thomas fra Unsplash
Foto: Jeremy Thomas fra Unsplash

I pride-universet er du skuldig til det motsette er bevist

I ein video frå Oslo pride som sirkulerer heftig for å fremja pride som merkevare og selja små reklameeffektar, såkalla merch, får vi ein kjensleladd gjennomgang av ulike situasjonar der menneske kjenner seg truga på grunn av seksuell legning.

Videoen, som på kort tid er sett av millionar i inn- og utland, og er sagt «å vise hva pride handler om», tek oss med inn i den skeives blikk på verda. Her er frykt og tryggleik dei sentrale komponentane.

Plottet er enkelt og episodisk. Kvar sekvens har skeive, sympatiske, hovudpersonar. Så skjer det ein komplikasjon der vedkommande brått oppfattar seg truga i ein kvardagssituasjon.

Som kvinne kjenner eg meg til dømes att i drosjesituasjonen.

På offentleg transportmiddel, på ein fotballbane, i ein taxi på veg heim. Alle situasjonane spelar på frykta folk kan ha for kvarandre, også om ikkje tematikken er seksuell legning.

Som kvinne kjenner eg meg til dømes att i drosjesituasjonen. Sitjande i baksetet, møter eg eit ubestemmeleg blikk i spegelen. Ei kald frykt sneier gjennom sinnet, før eg får sukk for meg.

Tenk om han køyrer meg ein heilt annan stad? 

Eller på bybesøk, i ein folkefattig T-banevogn, der den tøffe typen set seg litt for nær. Kva er greia? Kva er det han held på med, kvifor rotar han i lomma?

Fram til no har vel folk prøvd å tenkja, utan å vera naive, at svaret på slikt er tillit. Frykta må ikkje få siste ordet! Vi korrigerer oss sjølve ved å minna oss om at folk flest er ærlege, rimeleg greie og ikkje sjeldan arbeidsame. Vi har noko felles, vi menneske.

Men Oslo pride vel heller å halda tak i mistankens dualistiske logikk. I staden for å yta frykta motstand gjennom allmenne haldningar, er løysinga faktisk å finna i deira eigen produktkatalog.

Anten er du med eller mot. Venlegast skaff deg bevismaterialet som frikjenner deg frå mistanken. Eit klistermerke, eit nøkkelband, ein pin. Den moderne avlatshandelen er farge- og fasongrik.

Videoen til Oslo pride er sagt å vera varm, fremja inkludering og tryggleik. Kommentarfelta har mykje godt å seia.

Sjølv har eg aldri sett ei slik skamlaus utnytting av frykt for å selja ut eit varelager. Det verkar småleg, men mange greier sikkert å sjå større på dette. Regnbogepryda knappar og glansbilete er ikkje det einaste som skal ut til forbrukarane. Det er ein heil mentalitet.

Årets pridepromotering frå hovudstaden fortel at det er i orden å frykta dei rundt deg fram til dei viser at dei er på di side. Først når drosjesjåføren din flaggar for deg, kan du vera trygg.

Sic transit gloria mundi, heiter det gamle uttrykket. Men slik forgår også tillitssamfunnet.

Videoen viser på nært hald kva mekanismar som tappar tilliten ut av samfunnet. Det lesbiske paret som fryktar ein halvgammal drosjesjåfør av ikkje-etnisk-norsk opphav har liksom rett til å frykta han.

Det handlar ikkje om tillit til medmenneske, men at du har eit klistermerke i drosjen din, ser du. Løp og kjøp.

Fram til dei oppdagar at han har eit pride-klister i drosjen, og alt ordnar seg. Frykta løyser seg opp i lufta ved synet av ein rimeleg pride-effekt. Det transformerer det skumle blikket til mannen i førarsetet. Han er jo ei venleg sjel!

Det handlar ikkje om tillit til medmenneske, men at du har eit klistermerke i drosjen din, ser du. Løp og kjøp.

Det er noko uverdig og nedrig over å spela på folks meir eller mindre rasjonelle frykt for medmenneske og omgjevnader. Her er i tillegg leflinga med frykt knytt til produktsal framfor ein heil månad med feiring over det ganske land. Behovet for regnbogeeffektar stig markant i marknaden, og med billege grep kan du altså bli med på festen.

Det er noko uverdig og nedrig over å spela på folks meir eller mindre rasjonelle frykt for medmenneske og omgjevnader.

Ikkje nok med det. Effektane dei sel, er det som gjenopprettar deg som eit anstendig og trygt medmenneske. I denne vedunderlege nye verda er det noko som må bevisast.

Haldninga er som følgjer: Alle rundt meg er under rettmessig mistanke fram til dei legg fram konkret bevis på at dei ikkje berre aksepterer, men omfamnar og aktivt promoterer min legning og mi tru.

Rettsstatens kjerneprinsipp er at du er uskuldig til det motsette er bevist. I pride-universet blir dette reversert. Her er du skuldig i å gjera livet til skeive vanskeleg fram til du kjøper deg fri med effektane dei sel billig i nettbutikken sin.

Kva er betre enn ein feelgood-video for å gøyma unna saka sine tvilsame faktum?

 

Sofie Braut

Først publisert i Dagen

Republisert med forfatterens velvilje

Dele
Facebook
Twitter
Pinterest
LinkedIn
Andre skribenter
Relaterte saker