California: Kristne lærere vant fram

Ungdomsskulelærarane Elizabeth Mirabelli og Lori Ann West blei i 2023 permittert for å ha nekta å innrette seg etter skulens retningslinjer. Det skriv avisa Dagen.

I California blei lærarar nemleg pålagt å halde informasjon om elevars sosiale transisjon skjult for foreldra – med mindre eleven sjølv ønska å dele det.

Dei to kvinnene saksøkte skulekrinsen og utdanningsstyresmaktene i California, og argumenterte med at retningslinjene strir mot deira religiøse overtyding og etikk.

– Det er ikkje rett å halde vesentleg informasjon om eit barns beste skjult frå foreldra. Eg var ikkje villig til å gjere det, sa lærar Elizabeth Mirabelli til CBN i 2024.

– Rettferda har sigra

22. desember vann kvinnene i retten, og med det kan ikkje lærarar i California lenger halde ein elevs sosiale transisjon skjult for føresette.

Sosial transisjon er den delen av ein prosess med kjønnsskifte som ikkje inneber medisinske inngrep. Det kan handle om pronomen, klesstil og sosiale roller.

– Dette er ikkje berre vår siger. Det er ein siger for ærlegdom, openheit og dei grunnleggjande rettane til lærarar og foreldre, seier kvinnene i ein artikkel på advokatfirmaet Thomas More Society (TMS) sine nettsider.

Dei representerte kvinnene i retten.

– Vi er så takksame for at dette kapittelet endeleg er lukka og at rettferda har sigra, held dei fram.

Rettssaka er omtalt i New York Post og fleire andre amerikanske medium.

Hemmeleg sosial transisjon

Dommen slo altså fast at skulane no må informere foreldre dersom eit barn ønskjer å bytte kjønnsidentitet på skulen, og lærarar kan no ikkje lenger straffast for å informere foreldre om dette.

Avgjersla gjeld ikkje berre dei to lærarane som saksøkte, men påverkar alle foreldre, elevar og lærarar i heile delstaten.

– Dette set ein endeleg stoppar for Californias farlege og grunnlovsstridige regime med å halde ting hemmeleg for foreldre, uttalte Paul Jonna frå TMS i Vision christian media.

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter

Foto: Markus Spiske fra Unsplash

Vil EMD tillate polygami?

For første gang skal Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) avsi dom i en sak om polygami. Saken ble brakt inn for domstolen av Khaled Al-Anesi, en